Opplæringslova
Opplæringslova handlar om rettar og plikter knytte til opplæring og skulegang i Noreg. Fleire av kapitla i lova handlar om språkopplæring.
Her er eit oversyn over dei viktigaste reglane som gjeld nynorsk og bokmål i opplæringa:
- Kommunen avgjer om opplæringsmålet i skulane skal vere bokmål eller nynorsk. Dersom det er fleire enn ti elevar på eit årstrinn som ønskjer eit anna opplæringsmål, skal skulen tilby ein eigen klasse for desse elevane.
- Foreldra kan velje målform i lærebøkene til og med 7. årstrinnet, men i norskfaget må elevane ha bøker på det som er hovudmålet på skulen. Frå og med 8. årstrinnet kan elevane velje skriftleg hovudmålform sjølve.
- Elevar som byter skule mellom 1. og 4. årstrinnet, har rett til å halde fram med opplæringsmålet dei har hatt.
- Når minst ein fjerdedel av dei med røysterett i kommunen, eller eit fleirtal i kommunestyret, krev det, skal kommunen halde rådgjevande folkerøysting om opplæringsmålet ved ein skule.
- Dei to siste åra av grunnskulen skal elevane ha opplæring i begge målformer. Somme elevar kan få fritak for vurdering i sidemål.
- Elevar har rett til læremiddel på eige opplæringsmål. Lærebøkene skal liggje føre til same tid og pris på begge målformene.
Desse reglane finn du hovudsakleg i § 2-5: ”Målformer i grunnskolen”. Ei forskrift til lova tek føre seg Retten til læremiddel på eiga målform.